Det er snart jul - kva med å diske opp med julekonfekt som du har laga sjølv?! 

Sjokoladeekspert Trude frå Pralina kjem for å lære oss om sjokolade, og tips/triks for å lage lekre og smakfulle godbitar.

På kurset lærer du:
- Enkel innføring om sjokolade 
- Smelting og temperering av sjokolade
- Støype sjokoladeskåler
- Lage og pynte sjokoladeplettar 
- Lage smakfulle trøflar 
- Fylle og dekke konfektbitar

Kursprisen inkluderer undervisning og utstyr. 
Du får også med eit hefte med oppskrifter. 

Meir om Trude og Pralina kan du lese her: http://www.pralina.no/

Pris per deltakar: kr 595,-
I tillegg til kursprisen betaler kvar enkelt for faktisk forbruk av råvarer (kilopris sjokolade kr 150,-), for sjokoladen som ein får med seg heim.